Evaluering er ei systematisk datainnsamling, analyse og vurdering av ein planlagt, pågåande eller avslutta aktivitet. Evalueringar kan gjennomførast før eit tiltak vert iverksett, undervegs i gjennomføringa, eller etter at tiltaket er avslutta. Evaluering er viktig for læring, forbetring og utvikling.
Barnehage
Barnehagen er med i samarbeidet Hardanger/Voss kompetanseregion om tilsyn og vurdering. Dette skal vera med på å sikre kvaliteten på barnehage og skuletilbodet.
Foreldra deltek i vurdering, gjennom daglege samtalar, i foreldresamtalar og på foreldremøte.
Barnehagen nyttar Utdanningsdirektoratet si foreldrevurdering som er open i november- desember kvart år. Foreldra svarar digitalt. Resultatet vert presentert for FAU og i Samarbeidsutvalet. Det går ut informasjon til alle foreldra om resultatet.
Barna skal få høve til å vurdera og påverka kvardagen sin gjennom føringar i Barns rett til medverknad. Storbarnsavdelingane skal ha barnemøte med barna der dei samtalar om både planlegging og vurdering i høve tema og aktivitetar. barnehagen nyttar eit intervjuverktøy som ein finn på www.barnehagetrivsel.no. Dei minste barna kan ikkje fortelja om kvardagen sin på same måte, men me observerer dei kvar dag og brukar observasjonsskjema.
Personalet skal vurdera og reflektera over eigen praksis i barnehagen. Ståstedsanalysen for barnehage er eit godt verktøy der ein får sett på mange sider av det pedagogiske innhaldet og drøfta det opp mot føringar i Rammeplan for barnehagen. Ståstedsanalysen vert gjennomført i barnehagen på våren. Resultatet vert drøfta i personalgruppa og dannar grunnlag for neste års satsingsområde og Årsplan.
- Personalmøter
- Medarbeidarsamtalar
Skule
- Personalmøter
- Medarbeidarundersøkingar
- Medarbeidsarsamtalar
- Foreldremøter
- Elevråd
- Brukarundersøkingar
Felles for helse
- Personalmøter
- Medarbeidarundersøkingar
- Medarbeidsarsamtalar
Evaluering av eksterne tenester
Hardanger barnevern
Fra 1.1.2021 er det lovbestemt at kommunestyret minst ein gong i året skal få ein redegjørelse om tilstanden i barneverntenesta (bvl § 2-1 nytt åttande ledd). Tilstandsrapporteringa skal bidra til auka bevisstheit i kommunane om hva som er godt barnevern. Statistikk og tall informasjon bør inngå i rapporten. I tillegg bør rapporten innehalde informasjon om kva som ligg bak tala, utfordringar i kommunen, og korleis barnevernet og andre tenester arbeider for å møte disse.
Kommunepsykolog og PPT Voss
Årsevaluering: Rådmann (Ulvik herad), leder for tenester for barn og unge (Voss herad), samt representantar frå relevante tenester.