Merk! Innholdet i denne siden er under utvikling.

Tilbake

Organisasjonsutvikling / kompetanseheving

Korleis heradet oppnår rett og oppdatert kompetanse for dei oppgåvene som skal løyast, og for at innbyggarane skal få gode og heilskaplege tenester.

Føresette

Ulike tenester i heradet når foreldre og føresette på ulike vis. Dette kan vera via svangerskapskurs, barselgrupper, foreldrerettleiing, foreldremøte og samtalar i regi av barnehage eller skule. Målet her er å støtta foreldre og føresette ved å tilby rettleiing og/eller informasjon for best mogeleg ivaretaking av barn og unge.

Kommunen har ulike tiltak som hjelp og støtte til barn, ungdom eller føresette. Informasjon om desse finn du på sida tiltak for tenester for barn og unge i Ulvik.

Tilsette

Mål for dei tilsette er å kunne ha nødvendige kunnskapar og eigenskapar til å kunna utføre det arbeidet som er nødvendig i den kommunale tenesteytinga.

Tilsette får kompetansehevinga si gjennom arbeidsgjevar, i form av kurs, nettverksarbeid, satsingar og vidareutdanningar. Kva kompetanseheving som vert tilbode, skal ha samanheng med kva behov arbeidsgjevar Ulvik herad har. Dette behovet skal samsvara med det behovet som brukarane i kommunen har.

Kompetanseheving vert til dømes gjort på planleggingsdagar, i personalmøte, i einingsleiarmøter og i bruk planleggingstid i skular og barnehagar.