Merk! Innholdet i denne siden er under utvikling.

Tilbake

Tverrfagleg samhandling

Gjennom tverrfagleg samhandling får tenestene betre og gjensidig forståing for kvarandre sine oppgåver. Tenestene blir også betre på å koordinera innsats og ansvar, slik at oppfølginga blir meir heilskapleg og samanhengande.

Tverrfagleg team Ulvik herad

Ansvarleg: Møteleiar tverrfagleg team

Kven møter: Kommunalsjef for helse og omsorg, styrar barnehage, prosjektleiar BTI, Rektor skule, helsesjukepleiar, ungdomsarbeidar, rådgjevar NAV, PPT (Voss), Kommunepsykolog (Voss), Hardanger barnevern, politikontakt Voss, BUP Voss

Oppgåver: Samhandlingsgruppa skal tene som samhandlingsarena i høve til førebyggande tiltak til barn og unge på eit overordna nivå. Møta skal styrja samhandling mellom tenester som arbeider med barn og unge.Tverrfaglig team skal drøfte ulike temaer. Tema kan være strukturelle/systematiske, dagsaktuelle, universelle mm. Enkeltsaker skal tas opp i ressursteam på den enkelte skule og barnehage.

Mandat: Retningslinjer for tverrfagleg samhandlingsgruppe

Når: 4 møter i året

Kontakt: Prosjektleiar BTI

SR Voss lokalsjukehusområde - Underutval for barn og unges psykiske helse

For kommunane Eidfjord, Kvam, Ulvik, Vaksdal og Voss, samt BUP Voss.

Underutval for barn og unges psykiske helse, og er sett saman av brukarrepresentant, fagrepresentantar for kvar av kommunane og BUP Voss.

Oppgåva til utvalet er å fremje og styrke samarbeidet mellom 1. og 2. linjetenesta i Voss lokalsjukehusområde innanfor barn og unges psykiske helse.

Les meir her 

Hardanger/Voss kompetanseregion

Hardanger/ Voss kompetanseregion er sett saman av kommunalsjefar, barnehage-, skule- PPT- leiarar barnevern, leiande helsesjukepleiarar,og vaksenopplæringsleiarar i frå kommunane/Herad: Eidfjord,Kvam, Ullensvang, Ulvik og Voss.

Mål:

  • Samarbeida om kompetanseutvikling, kvalitetsutvikling og satsingsområde i regionen
  • Nytta ekstern barnehage- og skulevurdering som metodeverktøy for å sikra god kvalitetsutvikling i regionen
  • Læra av og med kvarandre
  • Løysa felles utfordringar

Les meir her 

Koordinerande eining (KE) 

Koordinerande eining (KE)

Koordinerande eining er ei tverrfagleg samansett faggruppe som skal sikre din rett til koordinator, barnekoordinator og individuell plan. Individuell plan (IP) er eit tilbod til deg som mottar hjelp frå to eller fleire instansar, og som har behov for koordinerte tenester. Ordninga med IP er frivillig.

Koordinerande eining er eit kontaktpunkt for samarbeid internt og eksternt. Eininga skal gi informasjon til brukarar og pasientar som har behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering eller rehabilitering.

Kva tilbyr me?

Koordinerande eining skal:

  • Ta imot og svare på spørsmål relatert til kva tenester du kan få i det

offentlege hjelpeapparatet.

  • Ta imot og behandla søknad frå deg som har behov for koordinator/ individuell plan eller barnekoordinator.
  • Ta imot og behandle søknadar frå samarbeidspartar, internt og eksternt, som er i kontakt med personar som har behov for koordinator/ individuell plan eller barnekoordinator
  • Vera ein pådrivar og eit kontaktpunkt for samarbeid eksternt og internt på tvers av fagområde og nivå
    (for eksempel med spesialisthelsetenester, og mellom ulike tenester i eigen kommune).
  • Ha det overordna ansvaret for arbeid med individuell plan og for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinatorar og barnekoordinatorar.
  • Bidra til å sikra heilskaplege tilbod til pasientar og brukarar med behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering eller rehabilitering.

Lovheimel og regelverk 

Koordinerande eining er ei lovpålagt oppgåve:

Kontaktinformasjon

Ynskjer du kontakt med koordinerande eining? Ring Ulvik omsorgstun – tlf. 56 52 70 80.

Meir informasjon

Du finn meir og utfyllande informasjon om KE på Helsedirektoratet sine heimesider