Merk! Innholdet i denne siden er under utvikling.

Tilbake

Brukermedverknad

Brukarmedverknad inneber at brukaren blir sett på som en likeverdig part i samtalar og avgjersler som gjeld hans eller hennar utfordring. Det viktigaste i møtet er god kommunikasjon og at alle partar er opne og lyttar til kvarandre.

Barn og unge er ein viktig ressurs for framtida og ekspertar på sine liv. Brukermedverknad innebær at brukaren sjåast på som ein likeverdig part i samtaler og beslutningar som angår hans eller hennes utfordringar. Det viktigaste i møtet med den unge er god kommunikajon kor alle partar er opne og lydhøre for kvarandre.

Brukermedverknad på individ nivå handlar om at det er lagt til rette i dei kommunale tenestene for at gravide, barn, unge og foreldrene deira involverast i i samarbeidet så tidleg som mogleg. Ulvik herad skal leggja til rett for at brukerane kan kome i kontakt med aktuelle tenester ved uro eller bekymring for egen eller andre barn. Brukerane skal og oppleve at kommunen sine tenester er oversiktlege og forutsigbare.

Ulvik herad har brukermedverknad på individnivå på følgjande måter

  • Elevråd og Ungdomsråd
  • Elevsamtalar/utviklingssamtalar i skulen
  • Foreldresamtalar i barnehagen
  • Handlingsretteleiaren i Betre Tverrfagleg Innsats
    • Skal bidra til brukarmedverknad, helhet og kontinuitet
  • Ansvarsgruppemøter
  • Skulehelsetenesta
    • samtalar og drop-in i skule tida
  • Circle of Security Parenting
    • Gruppeundervisning
  • Helsestasjon for ungdom
    • Eit gratistilbod for ungdom i alderen 13-25 år.

Barn og unge sin rett til å klage på barnevernet

Barn og ungdom som har kontakt med barnevernet, har rett til å klage. Du kan seie meininga di om det barnevernet gjer, slik at det kan bli betre. Det gjeld uansett om du bur heime, i fosterheim eller på barnevernsinstitusjon. Du kan klage på alt du meiner ikkje er rett. Her er nokre døme på kva andre har klaga på, men hugs at du kan seie frå uansett kva det gjeld.

  • Barnevernet høyrer ikkje på meg og dei spør aldri korleis eg eigentleg har det.
  • Familien min får ikkje nok hjelp frå barnevernet.
  • Eg har det ikkje bra i fosterheimen min. Det er ingen som følgjer med på korleis eg har det.
  • Eg har det ikkje bra på barnevernsinstitusjonen og det er ingen som bryr seg om meg.
  • Eg får ikkje vere med på å bestemme nokon ting.
  • Eg blir ofte halden fast av dei som jobbar her.
  • Eg får ikkje lov til å gå ut når eg vil.
  • Eg har fått avslag på oppfølging etter at eg vart 18 år. Kva gjer eg?

Du kan alltid snakke med kontaktpersonen din i barnevernet, men det kan nokre gonger kan vere vanskeleg. Då kan du kontakte dei som jobbar hjå Statsforvaltaren. Du kan også klage sjølv om du har fylt 18 år.

Les meir her