For at utsatte barn skal kunne få den hjelpen dei treng er det viktig med eit godt tverrfagleg samarbeid mellom dei ulike tenestene i Ulvik herad, samt dei kommunane Ulvik herad samarbeidar med. Me ynskjer å skape ein samstemd, langsiktig og dokumentert oppfølging av barn, unge og familiene deira.

Om eit barn gjev uttrykk for at det ikkje er trygg eller teikn på dei lever i ein vanskeleg omsorgssituasjon skal det alltid takast på alvor. Barn gjev ulike signal på at ikkje ting er som det burde og signala skal takast alvorleg. Barnet sitt signal skal være grunnlag for samtale med føresette. Føresette skal alltid vera informert om ei begynnande uro for barn og unge og det er dei tilsette sitt ansvar å ta initiativ til samhandling, med unntak ved mistanke om vald eller overgrep. Då skal ein kontakta barnevernet eller politi direkte.

Barnekoordinator

Retten til barnekoordinator gjeld for familiar som har eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og der barnet har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester. Barnekoordinator skal koordinere det samla tenestetilbodet rundt familien og bidra aktivt for å vareta ansvaret kommunen har for oppfølging og tilrettelegging for familien.

Barnekoordinator skal sørge for at familien og barnet får nødvendig informasjon og rettleiing om dei aktuelle velferdstenestene, og formidle kontakt og tilvise til velferdstenester der dette er nødvendig. Dersom det er oppnemnt barnekoordinator etter helse- og omsorgstenestelova § 7.2a, skal barnekoordinatoren sørge for samordning av tenestetilbodet.

I Ulvik herad er det tilsett barnekoordinator i 10% stiling.

Kontakt: 

Helsesjukepleiar

Telefonnr.: 40 00 71 24/ Epost: ashild.l.eide@ulvik.kommune.no

Under utdanningspermisjon til juni 2023. Kontakt helsestasjon 56 52 70 42. 

Skulehelse-team

Skulehelseteamet på Brakanes skule består av representantar frå Hardanger barnevern, helsestasjon, PPT og skulen. Teamet har møte to gongar i halvåret. Målet med møta er å gje born som treng ekstra oppfølging, god og tverrfagleg hjelp så tidleg som mogeleg. Her vert saker drøfta anonymt slik at skulen kan få råd for vidare arbeid med saka.

For oss er det viktig at det skal vere enkelt for foreldre og barn å ta kontakt med oss. Det er eit mål å kunne gje råd og rettleiing før vanskane vert for store. Foreldre/føresette kan verta invitert til eit slikt møte, men dei kan også invitere seg sjølve. Her kan ein få ei tverrfagleg vurdering/tilbakemelding på utfordringar eller bekymringar knytt til eige barn si utvikling. Me ynskjer heimane velkomen til å ta kontakt med oss!

Kontakt:

Rektor Brakanes skule

Telefonnr.: 40007153/ E-post: rigmor.hanssen@ulvik.kommune.no

Ressursteam skule

Skulen har eit ressursteam. Leiar for ressursteamet er spesialpedagog tilsett ved skulen. Rektor sit også i ressursteamet, og om lag ein gong pr månad er vår kontaktperson i PPT, Marianne Haugo med på møte i ressursteamet. Me drøftar elevar og klassar som har utfordringar på ulike måtar, fagleg og/eller sosialt, og legg planar for korleis me skal gje hjelp, både på elevnivå og på systemnivå. Ein gong kvart år har me ein gjennomgang av alle elevane våre saman med kontaktlærarane.

Kontakt:

Ansvarleg spesialpedagog Brakanes skule

Telefonnr.: 95749453/ E-post: Hanne.Li@ulvik.kommune.no

Barnehage-team

Under arbeid.

Kontakt:

Styrar i Ulvik barnehage Sonja Haugland,

Telefonnr.: 4000 71 40/ E-post: Sonja.Haugland@ulvik.kommune.no

Ansvarsgruppemøte

Ansvarsgruppe opprettes for barn, ungdom/familie som har behov for langvarige og koordinerte oppfølging av tenester.

Barnehage/skule anbefaler i samarbeid med barn/elev og foresatte opprettelse av ansvarsgruppe og kven som bør delta i gruppa. Barn/elev/føresatte kan be om at det opprettes ei ansvarsgruppe.
Leiar for ansvarsgruppa skal koordinere møter og er også ansvarlig for å tilby og følgje opp individuell plan.

Kontakt:

Helsesjukepleiar

Telefonnr.: 40 00 71 43/ Epost: gunnlaug.lekve@ulvik.kommune.no

Overgangsmøte mellom barnehage og skule

Kommunen har eit overordna ansvar for å sjå til at alle kommunen sine born får ein god overgang frå barnehage til skule.

Føremålet med overgangsmøter er å ivareta barnet sitt behov for tryggleik i overgangsprosessen og at opplæringa er tilpassa enkeltbarnet allereie frå fyrste skuledag, jf rettleiar frå kunnskapsdepartementet

«Fra eldst til yngst – Samarbeid og sammenheng mellom barnehage og skole».

Barnehagen har som rutine å informere føresatte tidleg om kva barnehagen jobbar med og kva observasjonar/kartleggingar som gjerast i barnehagen.

Les meir i årsplanen til barnehagen.

Barnehagen og skule har møte vedrørande barn med spesielle behov, dette skjer med samtykke av føresette, eller føresette er med på møtet.

For meir informasjon kontakt: Skule eller barnehage

Konsultasjons team Voss Herad

Konsultasjonsteamet er ei teneste som er retta mot deg som er uroa for om eit barn kan vere utsett for seksuelle overgrep, fysisk eller psykisk vald, er vitne til vald i heimen eller uro for om ein med psykisk utviklingshemming kan ha vore utsett for det same. Teamet er eit rettleiande organ som er samansett av erfarne fagfolk frå ulike etatar i Voss Herad. Gjennom kontakt med teamet kan du som uroar deg, eller går med ei ubehageleg kjensle på vegne av eit barn, få diskutert saka anonymt.

Les meir om konsultasjonsteamet her.

Kontakt:

Kitty Prestegard, barneverntenesta,

Telefon: 48 01 45 59/ E-post: Kitty.Prestegard@voss.herad.no