Gjennom kommuniasjon med partane og tilbakemeldingar frå brukar vil vi få eit grunnlag for vurdering av både arbeidet som er utført i lag med kvar einskild brukar, men også for diskusjon og vurdering kring endring av praksis i tenesta som heilhet.
Evaluering er eit viktig element i korleis ein samhandlar og korleis ein opplever samhandlinga mellom tenestene.
På individnivå har ein desse fora for evaluering av samhandling:
- Styringsgruppe/Arbeidsgruppe for samhandling (BTI)
- Direkte tilbakemelding til tenesta
- Medarbeidersamtalane tilsett – leiar
- Utviklingssamtale lærar – elev – føresette
- Ungdomsråd
- Elevråd
- Klassens time