Merk! Innhaldet på denne sida er under utvikling.

Tilbake

Rutinar og verktøy

Risikoutsette barn og unge skal identifiserast så tidleg som mogleg. Tidleg innsats betyr at ein skal setje i gang tiltak for eit barn og ungdom med ein gong det er behov for det, både i barnehagen og i skuleløpet, og ein skal sørgja for ei systematisk og langsiktig oppfølging så lenge det trengst.

BTI-rettleiar

Ulvik herad har ein digital BTI-rettleiar med tilhøyrande verktøy som tilsette skal nytta når ein jobbar med barn og unge. Målet med BTI-rettleiaren er rett hjelp til rett tid, tidleg foreldreinvolvering og at barnets røyst alltid skal følgja prosessen.

BTI-rettleiaren finn du her

Formålet med ein digital handlingsrettleiar er at alt ein treng er samla på ein plass:

Meldeplikt

Offentlege myndigheter, i tillegg til ei rekkje yrkesutøvarar med profesjonsbestemt teieplikt, har plikt til å gje opplysningar til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn vert utsett for mishandling, andre former for omsorgssvikt eller om eit barn har vist vedvarande åtferdsvanskar.

Opplysningsplikta inneber ei plikt til å melde frå til den kommuale barnevernstenesta av eige tiltak ved alvorleg bekymring og er eit sjølvstendig og personleg ansvar. Ulvik herad nyttar Hardanger interkommunale barnevernteneste som er ein felles barnevernteneste for kommunane Ullensvang, Eidfjord og Ulvik.

Privatpersonar har eit moralsk ansvar for å melde frå, men ikkje eit juridisk ansvar, slik offentleg tilsette har.

Les meir om når du bør ta kontakt på Barnevernvakten.

Bekymringsmelding til barnevern.

Nyttig samtalerettleiing i arbeidet med barn og unge

Bekymringsmelding til barnevern

Klikk her for digital bekymringsmelding til barnevernet.