Brukarmedverknad er ein lovfesta rett som har som mål å betra kvaliteten på tenestene ved at brukarane får reell moglegheit til å påverke val og utforming av tenestetilbodet. Det inneber at tilbodet så langt som råd vert utforma i samarbeid med brukaren, og at det vert lagt stor vekt på brukaren sine ønsker

Ein har ulik medverknad på dei ulike nivå i modellen. På kommunenivå har barn, unge og familiar medverknad på følgjande måte i Ulvik herad:

Brukarmedverknad i kommunale planar

Alle planar som vert vedtekne politisk, skal utarbeidast gjennom prosessar som legg til rette for medverknad frå heradet sine innbyggarar. Planprosessen vert organisert slik at organisasjonar, brukargrupper, born og unge og særskilde grupper får høve til å delta. For planar som vert utarbeidd administrativt, skal det òg verta vurdert korleis medverknad frå innbyggjarane kan gjennomførast. Det skal leggjast spesiell vekt på høve til brukarmedverknad. Før planarbeid vert sett i gang, skal det verta gjort ei enkel kost/nyttevurdering. Alle offentlege versjonar av Ulvik herad sine planar skal vera tilgjengelege på internett i ei
samla oversikt og i eit ålment tilgjengeleg format (portable document format – pdf).

Rapportar og brukarundersøkingar