Internkontroll skal sørge for at vedtatte prosedyrar vert følgde og at pålagde og planlagde oppgåver vert gjennomførte.
Rådmannen er øvste administrative leiaren i heradet og skal sjå til at politiske vedtak vert iverksett. Rådmannen skal syte for at kommunen si drift er i samsvar med lov, regelverk og politiske vedtak.
Kvalitetssystem skal syta for at vedtekne prosedyrar vert følgde, og at pålagde og planlagde oppgåver vert gjennomførte. Systemet skal også nyttast til å oppdaga og rapportera avvik. Ulvik herad nyttar Compilo Kvalitetsystem som verktøy for internkontroll jf. kommunelova.
Sikring av rett praksis skjer også gjennom tilsyn og gjennom forvaltningsrevisjon.
Tilsyn betyr at ein instans innan offentleg forvalting undersøker om kommunen overheld lover og regelverk og at innbyggjarane får dei tenestene dei har krav på. For Ulvik herad er det ofte Statsforvaltaren i Vestland som utfører tilsynet, men det kan også vera Arbeidstilsynet eller andre statlege instansar.